Generelle forventningar
Vaksdal Kulturskule er eit lokalt ressurssenter for undervisning i estetiske fag. Me har godt kvalifiserte lærarar.
Me har høg fagleg standard på undervisninga. Kulturskule er eit undervisningstilbod, sjølv om undervisninga skjer på fritida – om ettermiddagen/kvelden.
De kan vente følgjande av Vaksdal Kulturskule:
- God fagleg tilrettelegging av undervisninga
- Organiserte framsyningar
- God oppfølging og informasjon frå kulturskulen. Me informerer gjennom administrasjonsprogrammet vårt speed admin. Informasjon som hastar kjem på SMS (t.d. avlysning og endring), og "b-post" kjem som epost.
Vaksdal Kulturskule ventar følgjande av elevar og føresette:
- Oppmøte til timane, og melding i god tid ved fråvær
- Halde kontaktinformasjon og andre brukaropplysningar i speed admin oppdatert
- Øving og anna arbeid mellom timane heime og oppfølging/interesse frå foreldre
- Deltaking på konsertar og fellesprosjekt
Kulturskulelærarane er kulturskulen sitt andlet ut. Brukarane våre vil møte:
- ein engasjert og kompetent fagperson med pedagogiske evner.
- eit inspirerande læringsmiljø bygd på trivsel, tryggleik og fellesskap
- ein person som kan stille krav og utfordre komfortgrensa, men som aldri skal trampe over den grensa
- ein person dei kan kjenne seg trygge på
- ein person som møter brukarane med respekt og tek dei på alvor i eit miljø fritt for rasisme, diskriminering og fordommar