I løpet av eit år har kulturskulen ei rekke konsertar og framsyningar. Gjennom å opptre lærer kulturskuleeleven noko viktig, m.a. å bli trygg på å stå foran eit publikum, lære seg å formidle, og å setje pris på respons frå publikum. På denne sida er det litt tekst, foto og video frå konsertane våre.

De Unges Festspill Bergen 2016

Tysdag 7. juni 2016 reiste ein bra gjeng kulturskuleelevar på tur til Bergen for å spele og synge i Logen. Det var ei strålande framføring av Space Oddity av David Bowie.

 

Konsert på Bokbåten Epos i Gammersvik

Onsdag 8. april var me på tur til Gammersvik og spelte konsert på Bokbåten Epos. Me er glade for at Hordaland Fylkesbibliotek framleis kjem til kommunen vår, og dette var andre besøket frå kulturskulen. Det vart ein heil ekspedisjon denne gongen, sidan vegen er stengd for bilar grunna ras. Me hadde med oss elevar på song, gitar og piano, og dei kom frå Vaksdal, Stanghelle, Dale, Stamnes og Gammersvik. Sjå heile filmen med høgdepunkt og legg merke til eleven som endrar gitarlyden med ei lykt mot slutten.