Det er ikkje veldig komplisert å være gitarist. Stort sett handlar det om å spele. Det er ofte vått på Vestlandet, så det er lurt å ha eit godt trekk på instrumentet, slik at gitaren ikkje blir våt. Om gitaren blir våt, tørk av med ein klut og heng trekket til tørk. Eit gitartrekk vil og dempe brå temperaturskift.

Strengar

Av og til er det lurt å setje nye strengar på gitaren. Kor ofte kjem an på kor mykje ein speler, men lyden blir slappare etter kvart. Kulturskulelæraren kan lære deg å skifte strengar, slik at du klarar det sjølv.