Generelle forventningar

Vaksdal Kulturskule er eit lokalt ressurssenter for undervisning i estetiske fag. Me har godt kvalifiserte lærarar.

Me har høg fagleg standard på undervisninga. Kulturskule er eit undervisningstilbod, sjølv om undervisninga skjer på fritida – om ettermiddagen/kvelden.

De kan vente følgjande av Vaksdal Kulturskule:

  • God fagleg tilrettelegging av undervisninga
  • Organiserte framsyningar
  • God oppfølging og informasjon frå kulturskulen. Me informerer gjennom administrasjonsprogrammet vårt speed admin. Informasjon som hastar kjem på SMS (t.d. avlysning og endring), og "b-post" kjem som epost.

 

Vaksdal Kulturskule ventar følgjande av elevar og føresette:

  • Oppmøte til timane, og melding i god tid ved fråvær
  • Halde kontaktinformasjon og andre brukaropplysningar i speed admin oppdatert
  • Øving og anna arbeid mellom timane heime og oppfølging/interesse frå foreldre
  • Deltaking på konsertar og fellesprosjekt

 

Kulturskulelærarane er kulturskulen sitt andlet ut. Brukarane våre vil møte:

  • ein engasjert og kompetent fagperson med pedagogiske evner.
  • eit inspirerande læringsmiljø bygd på trivsel, tryggleik og fellesskap
  • ein person som kan stille krav og utfordre komfortgrensa, men som aldri skal trampe over den grensa
  • ein person dei kan kjenne seg trygge på
  • ein person som møter brukarane med respekt og tek dei på alvor i eit miljø fritt for rasisme, diskriminering og fordommar