Spørsmål og svar

Kva kostar det å gå i Kulturskulen?

Kommunestyret bestemmer satsen kvart år i desember. Prisen for 2018 er kr. 1390 pr elevplass pr semester. Me har søsken- og fleirfagsmoderasjon, 20% rabatt på søsken av fullpriselevar og 20% rabatt på tilleggsdisiplinar. Medlem i korpset får fleirfagsrabatt, sjølv om korpset er ein sjølvstendig organisasjon. Om du leiger instrument kjem dette i tillegg. Elevar på visuell kunst betaler ein litt høgare sats grunna materiellkostnadar, og elevar på andre disiplinar kan fakturerast for inntil 210 kr pr semester i materialkostnadar. Du får vite meir om fristar og retningsliner i samband med søknad om elevplass her

Kven kan søke elevplass?

Alle aldersgrupper kan søke elevplass, men born og unge er prioritert. For vaksne elevar gjeld eigne betalingssatsar, og vaksne elevar får bare elevplass for eitt semester i slengen.

Kva med instrument? Kan me låne?

Ja og nei. Det kjem an på kva instrument du vil spele. Les meir under Leige instrument.

Kva må me passe på når me skal kjøpe instrument?

Sjå tips frå oss i kulturskulen under Kjøpe instrument.

Kan me få undervisning i det instrumentet på vår skule?

Det kan du lese meir om her

Har kulturskulen tilbod i dans og teater/drama?

Skuleåret 2017-2018 har me dessverre ikkje tilbod om undervisning i dans og teater/drama. Me vurderer tilboda våre ved kvar krossveg, og me oppmodar til å søkje elevplass for å vise interesse.

Må me øve?

Ja. For å bli flinkare er det viktig å øve mellom speletimane. Snakk med læraren din om kor mykje og kor ofte du bør øve.

Kva lærer me kulturskulen?

Det kjem an på kva disiplin du søker elevplass på. Kulturskulen har ikkje ein fagplan på same måte som grunnskulen, men me er medlem i Norsk Kulturskuleråd som har utarbeidd rammeplan og fagplanar. Les meir her

Er det obligatorisk å være med på prosjekta?

Ja. Er du elev i kulturskulen er det venta at du er med i kulturskulen sine prosjekt. Dei er ein viktig del av undervisninga.