Gitarpedalar

Gitaristar og bassistar som speler elektrisk brukar ofte ein gitarpedal, eller effektboks. Dette er som regel utforma som ein metallboks med fotbrytar og knottar til å stille inn lyden. (Det er fakstisk ikkje bare gitaristar og bassistar som brukar slike pedalar, det går an å bruke på andre instrument og, spesielt om ein koplar ein mikrofon i t.d. ein boss loopstation eller ein liten mixar før effektpedalen.) Kulturskulen har hatt kurs i å lage ein eigen effektpedal, og alle slike pedalar treng straum. Ein pedal kjøpt i butikk er merka med kva straum han skal ha. Som regel er det slik:

  • 9 volt (som ein røykvarslar)
  • senter negativ (det er tappen i midten som skal ha jord, og kappa rundt som skal ha +9 volt)

Ein del pedalar har rom for batteri inni, men det er meir miljøvennleg å skaffe seg ein straumadapter. Det er lett å få tak i ein straumadapter på musikkbutikkar, og det går an å kjøpe ei spesiell forgreiningskabel til fleire pedalar. Det går og an å skaffe ein stor adapter-murstein til mange pedalar.