Prosjekt i Kulturskulen

Vaksdal Kulturskule har større og midre prosjekt gjennom året. Dette kan være konsertar rundt om på skulane, eller eit stort fellesprosjekt. Prosjektvekene har hatt namnet "Kulturskuleveka". I 2013 hadde me framsyning basert på musikk av Michael Jackson. I 2014 var det filmmusikk som var temaet. I 2015 snudde me på opplegget og lærarane reiste rundt på ein skulekonsertturné. Me hadde både instrumentbygging med alle elevane på skulen og konsert der alle fekk bli med på siste innslag. Opptak frå Kulturskuleveka2015 finn du her.

Me har og Dalekunst som prosjekt i samarbeid med ungdomsskulen, sjå eigen lenkje.