Kreativ Verkstad

OBS: Skuleåret 2017-18 er kreativ verkstad organisert som sporadiske verkstadskveldar. Me hadde juleverkstad med "lag din eigen fuzzpedal", og det blir "Atari Punk Console"-verkstad i mai. Klikk på "musikalsk verkstad" for å lese om prosjekta.

 

Tilbodet er spesielt retta mot elevar i 8.-10. klasse, men andre kan og søke. Kurset er både for dei som er kulturskuleelevar og dei som ikkje er det enno. Me er den einaste kulturskulen som har eit tilbod med denne profilen. Her kan elevane jobbe i grenselandet mellom dei ulike fagområda ein kulturskule kan ha, og me vil ha eit samarbeid med DALEKUNST.

Kva? Verkstad der me lagar ting. Me legg vekt på redesign og gjenbruk, særleg berget at elektronisk søppel. Me startar med blinkande diodelys, nye lydar frå gamle leiker og ein berbar forsterkar til mp3-spelar, telefon el.l. Det eit mål at deltakarane sjølv skal få påverke innhaldet og utvikle eigne prosjekt. Kurset sluttar av med ei utstilling med ting me har laga.

Når? Kl 17-18 første onsdag i månaden, oppstart onsdag 04.11.

Kor? i 2. etasje i Messo på Dale

Pris? Inkludert i elevbetalinga for dei som er kulturskuleelevar. (I staden for ordinær undervisning den veka me har verkstad.) Me vil gjerne ha nye elevar og, men dei må betale ei kursavgift på 800 kr som dekkar materialkostnadar.

Eg vil melde meg på

Send ei melding til post@vaksdalkulturskule.no eller ei melding til Vaksdal Kulturskule på FaceBook.