Kulturskuleveka

Siste veka før vinterferien har vore Kulturskuleveka i Vaksdal. I 2016 flytta me Kulturskuleveka til siste veka før påskeferien, men i 2017 var me tilbake til den tradisjonelle plasseringa. Forma på kulturskuleveka har variert. Me har hatt teaterframsyningar, konsertar rundt om på skulane, og me har hatt store fellesprosjekt. Me har vore innom tema som Michael Jackson, filmmusikk, Alice i Eventyrland og surrealistisk teater. Kulturskuleveka 2015 var organisert som skulekonsertturné. Lærarane kom på skulebesøk og kuppa ein skuledag. Alle elevane på skulen fekk lage seg eit instrument slik at alle kunne bli med på siste innslaget på konserten. Klikk her for å høyre lydopptak. I 2017 slo me saman kulturskuleveka og UKM for å løfte UKM fram etter eit labert UKM-år i 2016.

Me ønskjer at Kulturskuleveka skal vera eit samlande prosjekt for alle elevane i Kulturskulen, kor dei får oppleve meistring, glede og fellesskap.