Samfunnsutvikling

Frå tid til annan får elevane i kulturskulen lage ting. Dette heng naturleg saman med at Vaksdal Kulturskule er i Eining for Samfunnsutvikling. Det heng og saman med at kulturskulerektor likar å lage og modifisere ting. Elevar har tidlegare lagd både elektriske sigarboksgitarar, gitarforsterkarar, effektboksar og peparkakemenn med lysande auge. Enkelte elevar er etter kvart veldig gode med loddebolt. Sidan Sindre, rektor i kulturskulen, er gitarlærar har prosjekta vore sikta inn mot gitaristar og bandmusikarar, men målet er å gje denne typen tilbod til alle elevane i kulturskulen

Juleverkstad 2017

I 2017 var gitarpedal tema for rektor sin juleverkstad. Ei gruppe elevar lagde seg effektpedal til gitar eller bass. Imponerande mange melde seg på, både gitarelevar, bandelevar og andre. Tysdag 5. desember hadde me verkstad på Vaksdal Skule, og det var skikkeleg gøy. Me fekk det sjølvsagt travelt på slutten. Deltakarane fekk ein eigenprodusert effektpedal med seg heim til odel og eige. Leiarar for juleverkstaden var Knut Olai Mjøs Helle og kulturskulerektor Sindre Sortland. Knut Olai driv firmaet «pladask elektrisk» (pladaskelektrisk.com) og det var han som konstruerte byggesettet. Publikum kan få oppleve desse gitarpedalane på bandelevane sin julekonsert torsdag 14.12. på Dale Ungdomsskule, og på mange konsertar framover. Naboar har kanskje merka seg lyden alt. Om du var med og treng informasjon om straum kan du lese om det HER

Juleverkstad 2016

I desember 2016 hadde me to dagar med juleverkstad. Ein god gjeng lagde seg gitarforsterkarar ut frå eit lite byggesett. Dei går på 9volt, og er ein passe liten øveforsterkar, og desse forsterkarane har elevane brukt fleire gonger etterpå.

Juleverkstad 2014 - Heliofon

For å redde julestemninga i år lagar gitarelevane seg oscillatorar som er små elektroniske instrument. Instrumentet responderer på lys, og elevane speler på det med hendene utan å røre det. Instrumentet blir derfor kalla heliophone etter (helios = sol, fon = lyd). Her er opptak av første framføring, og opptak frå verkstaden, åtte timar komprimert til fem minutt.

 

 

 

 

 

Juleverkstad 2013 -  TEASTORTION OG CBG

 

Juleverkstad 2012 - gitarsløyd

På den lettare magiske datoen 12.12.12. nytta ei gruppe gitarelevar ettermiddagen til å bygge sin eigen sigarboksgitar på sløydsalen saman med læraren sin Sindre Sortland. Byggesettet var sett saman av Claudio Forlini, og CBGane var 100% elektriske. I løpet av to og ein halv time hadde dei ein elektrisk gitar og spelte smoke on the water så sagmuggen fløy veggimellom. Sånn sett var det meir Holy Smoke enn Stille Natt over denne juleverkstaden. Enkelte elevar hadde med seg ein pappa, og det såg ut til at dei koste seg minst like mykje som den yngste generasjonen.