UKM er eit arrangement for og av ungdom. Nokon frå kommunen hjelper til med arrangamentet, og i Vaksdal er det me i kulturskulen som hjelper til.

UKM 2018 - ungdommen tek UKM tilbake!

Me er glade for å ha fått Vaksdal Ungdomsråd på laget til å arrangere UKM i Vaksdal, og me håpar på mange gode år saman. I år blir konserten torsdag 15. februar på Dale Ungdomsskule. Utstillinga i Turbinen opnar veka før, torsdag 8. kl 12. Fylkesmønstringa er på Husnes 20.-22. april

UngKulturMøtes

UKM er endra frå "ungdommens kulturmønstring" til "ung kultur møtes". Frå 2017 har kulturskulen ansvaret for arrangementet, og me trur det blir bra. Som ei naturleg følgje slår me saman den lokale UKM-mønstringa og Kulturskuleveka. UKM er open for alle, og ikkje bare elevar i kulturskulen. UKM har ambisjonar om å være ein heilårsaktør, så ikkje bli overraska om UKM-logoen dukkar opp på andre tider av året enn i februar.

Les meir om deltaking i UKM

Det er enkelt å melde seg på her: ukm.no

Me svarer gjerne på spørsmåla dine.

UKM 2017

Utstillinga opnar torsdag 16. februar i Turbinen, og scenearrangementet blir onsdag 22. februar i Forsamlingshuset på Dale. Tysdag 21. blir det lydprøvar i Forsamlingshuset og aktiviteter i Dalehallen for dei som ventar. Info kjem i samband med øveplan for dei som melder seg på UKM. UKM er ope for alle, med for kulturskuleelevane blir dette ein del av undervisninga. Elevar som ikkje melder seg på med eigne innslag blir med på fellesnummeret. Snakk med læraren din om dette.

UKM 2015

Ungdommens Kulturmønstring er eit lokalt, regionalt og nasjonalt arrangement. Den lokale delen av UKM er det kommunen som står for, og kulturskulen er sentral i planlegging og gjennomføring. Me har tradisjon for utstilling og konsert. Her er litt av innslaga frå konsertdelen med noværande og tidlegare elevar i kulturskulen: