Visuell kunst

Vaksdal Kulturskule har undervisning i visuell kunst onsdagar kl. 17:30 på Dale Ungdomsskule, og det er kunstnar og designar Charles Lunde som er lærar. Undervisninga skjer i gruppe. Elevane tek del i ulike utstillingar og framsyningar gjennom året, og Charles er flink til å finne tverrfaglege samarbeidsprosjekt med dei andre lærarane. Charles er og sterkt involvert i Dalekunst.